
Eivindvik IL var i år ansvarlege for den tradisjonelle julegrantenninga på Prestekaia 1.sundag i advent. Magne og Eli Johanne Fosse donerte bort eit prakteksemplar av eit tre, noko som sette ein ekstra spiss på arrangementet.

Mellom 60 og 70 menneske møtte opp for å ta del i gang rundt treet, snakke med sambygdingar og kose seg med gløgg, kakao og pepperkaker.

Ingenting slår levande levande julemusikk som akkompagnement til gangen rundt treet, vi var i år så heldige å få "Hjelpekorpset" til å stille opp nok ein gang. Skjult bak ledlys og nisseluer finn vi Ragnhild Undertun, Marianne Aarethun, Anne-Britt Molde og Maike Norman Bøe.






