
Georeg nullstiller seg ved midnatt, frå i morgon tidleg er vi i gang med vintertrimmen. Sjå sesongens ekstrakonkurransar i artikkelen!
Klasse 0-6 år: Minst ein tur til kvar av desse postane: Vassverket, Verpetuppen, Gulakvila, Kommandotårnet, Postvegen.
1.- 10.klasse: 5 turar på Gulakvila og 5 turar på Åsen.
Open klasse(0-100 år): 5 turar på Gulakvila og 5 turar til Langemyrane.
Eliteklassen: 5 turar til Enivest, 5 turar til Høgefjellet og 5 turar på Kjerringfjellet.
Vinnarar i kvar klasse vert trekt etter vintertrimsesongen. Premien i kvar klasse er eit gåvekort på kr 1000,- frå XXL.
God fjelltrimsesong!






