
Det har i lang tid vore eit problem at hundeeigarar ikkje tek med seg etterlatenskapane etter dyra sine når dei nyttar turstien. Både hundebæsj i stien og fleirfoldige fulle hundeposar langs traseen vert innrapportert til oss.
Vi forsøker no å lette arbeidet dykkar ved å plassere ut to bosskassar, ein i kvar ende på stien mellom Prestesundet og Solleibotn. I kassen kan hundeposar kastast i ei posekledd bøtte. Nye avfallsposar ligg i kassen, vi ynskjer at dei som nyttar tilbodet skiftar pose og tek med avfallet ved behov.
Alternativet er at idrettslaget sjølve tømmer kassane, det tenker vi strengt tatt er heilt bort i natta.
Dette klarar de!!






