Idrettslaget har vore ansvarlege for tre større arrangement dei siste åra.

Ta sjansen - eit arrangement der ein skal byggje båtar, skli ned ei rampe og flyte ut til ei bjelle på kortast mogeleg tid. Vi lagar og til palleløp under same arrangementet, samt godteposeutkast for borna.

Fotballturnering - Eivindvik cup vert arrangert kvart år på idrettsbana. Turnering i 7ar-fotball for damer og herrar.

Vassverket opp - I mai månad arrangerer vi løpskonkurransen der målet er å komme seg raskast mogeleg frå Prestekaia til Vassverket.