Pin It

 

Årsmelding for 2020 Eivindvik IL

 

2020 vart eit år i Koronapandemiens teikn, med det resultat at idrettslaget sin aktivitet vart begrensa. Eivindvik Cup vart avlyst, det same vart alle planar om eit Ta Sjansen- arrangement. Alle innandørstreningar på skulen vart og sett på vent, både for born og vaksne.

 

Idrettslaget har likevel klart å gjennomføre nokre årvisse tilstelningar.

 

Fjelltrimmen har gått sin vante gang med både sommartrim og vintertrim.

 

13.juni arrangerte vi Vassverket Opp under strålande forhold, totalt 34 deltakarar kjempa seg til topps.

 

Nissemarsjen vart avvikla 29.desember med ny deltakarrekord, heile 61 born og vaksne gjekk løypa denne vakre, snøfrie romjulsdagen.

 

Borna frå 1.- til 4.- klasse fekk frå hausten av tilbod om å starte opp att med fotballtrening. Denne treninga føregjekk utandørs, med sterkt fokus på smittevernsrutiner som t.d. desinfinering av hender før og etter trening.

 

Idrettslaget har og har hatt eit sterkt ynskje om å starte opp att eit friidrettstilbod for borna i krinsen vår. Anne Revheim og Sandra Skutvik har sagt seg villige til å ta pålagte kurs og starte opp med treningar, men det har ikkje vorte arrangert kurs i 2020 grunna pandemien.

 

Våren 2020 vart del 2 av Prestegardsstien fullført, stien mellom Øvre Stølen og Haugane. Bruken av stien har overgått alle forventningar, noko som syner at dette var eit tilbod som bygda trengte. Tusen takk til initiativtakarane Rune Håvåg og Maike Norman Bøe, entreprenørar, innleigd lokal arbeidskraft og alle de som har vore med og lagt ned ein formidabel dugnadsinnsats!

 

Eivindvik IL har gjennomført fleire store prosjekt dei siste åra, dette er noko som ikkje let seg gjere utan hjelp frå dykk. Dugnadsinnsatsen er stor, men vi ser at det ofte er dei same personane som går att. Vi kan alle verte flinkare til å bidra. Dette kan ein gjere gjennom t.d. å plukke vekk kvistar eller andre gjenstandar som ligg i stiane våre på fjellet, sage ned greiner eller rotvelt som legg seg inn i stiane, bake til dei som gjer tyngre dugnadsarbeid eller delta aktivt sjølv når ein veit det skal vere dugnad.

 

 

 

 

Nettsida vår,eivindvikidrettslag.no, og Facebooksida vår er hovudkanalane våre for kommunikasjon med dykk medlemer. Vi tilstrebar og å få hengt opp plakatar på butikken med informasjon om mellom anna arrangementa våre og lister i samband med fjelltrimmen. Vi har og ein Youtube- kanal der vi innimellom legg ut aktuelle videoar av ting vi driv med.

 

På nettsida ligg all relevant informasjon om laget, her finn de mellom anna betalingsinformasjon ved teikning av medlemskap, fjelltrimlister, kontaktinformasjon til styret og kven som er postansvarlege for fjelltrimpostane, informasjon om prosjekta vi har påbegynt eller avslutta, treningstider i gymsal, informasjon om komande arrangement, kronologisk årsmøteinformasjon som rekneskap og val-lister, artiklar om kva som skjer i laget året rundt samt biletseriar og videoar vi meiner kan vere av allmenn interesse. Den 3.oktober 2019 installerte vi ein besøksteljar på nettsida for å sjå kor mange som nytta seg av dette tilbodet. Pr. 12.mars i år er det registrert 94 200 «klikk» på sida, det betyr at vi ligg an til å runde 100 000 visningar i løpet av april månad.

 

 

 

Idrettslaget hadde i 2020 265 medlemer. Vi vart frå i fjor av pålagde å føre digitale medlemslister, og at alle våre medlemer måtte registrere medlemskapet sitt hos oss via Norges Idrettsforbund(https://medlemskap.nif.no/). Så langt har rundt 50 personar gjort dette. Idrettslaget får støtte til drift basert på medlemstala våre, og pålegget om å innføre ein slik type registrering vert gjort for å hindre lag og organisasjonar i å «blåse opp» medlemstala sine og på det viset jukse til seg meir driftsstøtte enn dei har krav på.

 

 

 

På forrige årsmøte vart Vidar Bolstad vald til ny leiar i Eivindvik IL. Den 28.august måtte han trekke seg frå vervet av familiære årsaker. Nestleiar Kjetil Rutledal overtok då leiarvervet, 1.vararepresentant Rune Østerbø gjekk inn som ny nestleiar.

 

Eivindvik Idrettslag takkar Vidar for framifrå innsats den tida han satt i leiarvervet, og ynskjer han lukke til vidare!

 

Kjetil Rutledal

 

Leiar

 

Årsmelding trimgruppa 2020

 

Dette siste året har vore eit merkeleg år i idrettslaget. Heile landet stengte ned like etter årsmøtet i fjor. Så det har vore berre sporadiske treff innomhus. Ute har vi hatt nokre arrangement etter godkjenning av kommunelegen. Vassverket opp og nissemarsjen, er slike døme.                                                                                    Trimgruppa har fjelltrimmen som hovudoppgåve. Koronaen har fått mange ut på tur, også nye grupper. Det har vi merka på aktiviteten i løypene. Krav til premiering har kanskje pusha ekstra.   Likeeins dei små konkurransane der vi trekkjer ut gåvekort el. liknande på deltakarnummer.

 

Vintertrimmen var avslutta før nedstenginga. Der var det 110 som greidde kravet til diplom. Ekstrakonkurransen var 10 turar på Høgefjellet. 10 fullførte. Vinnaren var Vidar Bolstad.

 

I sommartrimmen har 212 (181 i 2019) greidd kravet til medalje eller anna premiering. Av desse er 157 medlemer i Eivindvik idrettslag. 15 får 5-årspremie (sitjeunderlag), 3 får 10-årspremie (kopp), 4 får 15-årspremie (diplom i ramme), 4 får 20-årspremie ( Ulvangsokkar), og 1 får 30-årspremie (turtermos). Resten (185) får medalje. 19 av desse for første gong.                Vi hadde tre ekstrakonkurransar: 10 turar på Gulakvila for 0 – 6 år. 12 fullførte. Vinnaren vart Johannes Opdal Elde. 5 turar på Høgefjellet 1. – 10.klasse. 7 fullførte. Vinnaren vart Hannah Aurora Rutledal. 10 turar på Sagefjellet open klasse. 13 fullførte. Vinnaren vart Ragnhild Undertun.

 

Det har blitt gått 29962 (20629 i 2019) turar av 788 ulike trimmarar. I tillegg har vi registrert 1663 slengarar, dvs folk som har vore innom på dagstur eller slekt og vener som ikkje er her så ofte. Men det er av og til vanskeleg å vurdere kven vi skal «slenge». Har de innspel?                              Eg sat etter nokre år med teljelister på over 4000 ulike namn og var nøydd til å ta affære.  

 

Mange bruker georeg nå. Det lettar teljearbeidet noko. Teljekorpset er også viktig. Takk for hjelpa!                                                                                       

 

 

 

Koronaen har fått nye grupper ut på tur. Og Gulakvila har inspirert og hjelpt dei med mindre erfaring til å komme seg ut. For det er ein mindre krevjande tur og ikkje så lang. Han har soleis vorte startskotet til lengre turar for fleire grupper. Kjempebra! I tillegg er Prestegardsstien blitt til ein kjempeflott, utvida turveg, frå Sollibotn til Haugane.

 

Det har vore krevjande å få til styremøte etter nedstenginga. Men mykje kan ordnast på telefon.. . Eitt møte vart halde i Monsverket. Eitt møte har vi fått ha hos Halvor og Mariann der avstandsreglane var lettast å overhalde.

 

Takk til alle som har vore lette å be om hjelp i løypearbeid, på møtefronten og i digitale spørsmål. Eg er gammal, men har sagt ja til to nye år viss idrettslaget vil og kan bruke meg.

 

                                                                       Tove Rutledal (formann i trimgruppa)

 

 

 

 

 

Årsmelding bane- og dugnadsgruppa 2020


Bane- og dugnadsgruppa 2020: Håkon Kvamsdal, Dagfinn Randal, Odd S. Midtun, Asbjørn Refsdal og Øystein Furnes.  Leiar Frode Håvåg.

Det har i år vore utført:

-Klypping og gjødsling av grasmatta: dette har vore utført av Jørgen Håvåg, Eivind Tveit og Harald Haveland. Dette har fungert  godt.

-Vasking av garderobebygg før og etter sesong.
 

 

-Brukarar av garderobe og kiosk

 

 har vaska etter bruk.

-Årleg vedlikehald av fotballmål, klyppar og liknande.

-Div. vedlikehald av bygg utvendig og innvendig.


Leiar.

 

 

 

 

 

 

Årsmelding fra barne- og ballgruppa for 2020

 

 

 

Grunnet corona situasjonen i fjor blei det ikke gjennomført noen aktiviteter i regi av barne- og ballgruppa.

 

Det blei arrangert nissemarsj med fakkeltog i romjulen med godt oppmøte. Der blei det

 

servert varm kakao og pepperkaker når vi hadde gått runden rundt byggefeltet.

 

 

 

Anne Refsdal, leder

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com