Årets utgåve av fotballturneringa vert avlyst grunna for få påmeldte lag. Det har vore ein trend med færre og færre lag dei siste åra, og i år meldte berre fire herrelag og eitt damelag seg på.

Idrettslaget vil framover vurdere konseptet, og det vil mest truleg ende i at ein heretter prøver å arrangere ei aldersbestemt turnering i staden for ei vaksenturnering.