Nedafor føl ny og oppdatert informasjon om ordninga med politiattest. Rutinane som står nedanfor, er slik politiet vil ha dei, og er derfor dei vi må halde oss til. Vedlagt ligg og godkjent skjema for stadfesting på føremålet med politiattest. I samråd med politiet har vi påført føremålet med attesten, i tillegg lovheimelen for å krevje ein politiattest, slik at idrettslaget skal sleppe å fylle dette inn sjølv.

Bakgrunn 
Norsk idrett skal være et trygt sted å være for alle. Idrettsstyret har derfor vedteke at alle idrettslag pliktar å innhente politiattest for personer som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige (under 18 år) eller menneske med utviklingshemming.   

Kven omfattast av ordninga? 
Ordninga omfattar både tilsette og frivillige, og gjeld uansett om personen får lønn for oppdraget eller ikkje. Det avgjerande er korleis oppgåver vedkommande skal ha i idrettslaget. Det er ikkje einkvan kontakt med mindreårige eller menneske med utviklingshemming som gir anledning til å kreve politiattest. For at oppgåva skal reknast å innebere eit tillits- eller ansvarsforhold meinast det at det normalt ei oppgåve vil gi en posisjon overfor mindreårige/menneske med utviklingshemming som muliggjer overgrep, og at oppgåva vil gi eller sette personen i en slik posisjon over noko tid, enten samanhengande eller fleire gonger med jamne mellomrom.   

Trenarar, instruktørar og lagsleiarar som skal ha direkte kontakt med mindreårige eller menneske med utviklingshemming, vil alltid være omfatta av ordninga.   

Krav om politiattest for alle som utfører oppgåver som inneberer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige (under 18 år) eller menneske med utviklingshemming, gjelder for alle over 15 år. Politiet utsteder attest til alle over 15 år.

Norges idrettsforbund anbefaler idrettslag til å hente inn ny politiattest minst kvart tredje år, eller i samband med at trenaren får ei ny rolle i idrettslaget. 

Søknadsprosedyre
Den som plikter å framlegga ein politiattest til idrettslaget, skal sølv sende søknaden til politiet.  Dette kan gjerast elektronisk eller per alminnelig post. Før vedkommande kan søke om ein politiattest må han/ho få ein stadfesting frå idrettslaget på at det er trong for politiattest. Dette skjemaet, skal leggjast ved søknaden.
 

 

 

Stadfesting på føremål med politiattest

Søknad om politiattest