Den tradisjonelle fellesturen 1.mai går i år opp på Sagefjellet frå Dingjevegen.

Vi møtast ved kommunehuset i Eivindvik 1.mai kl.12. Der fyller vi opp bilane og køyrer til skiltet på flata før vi køyrer ned til Dingja.

Turen er ikkje så lang og passar for både små og store. Vi brukar 1 - 2 timar på turen med matpause undervegs. På toppen kan det vere noko kjøleg å sitje for lenge i ro.

Kle dykk høveleg. Vindtett og/eller vasstett er bra. Det kan bli vindfullt.

Utsikta er upåklageleg.