Det har vore diskusjonar i ulike fora om korleis vi best kan ta vare på kikkerten som vi har plassert på Kjerringnova. Det er tungvint å ta av sjølve kikkerten kvar haust for så å setje han på att om våren.

Så vart eg tipsa om ein verkstad der dei lagar ulike segldukar, og vi bestemte oss for å få laga ei hette etter mål. No er hetta ferdig og klar for montering når det blir høveleg vær og føre. Ho ser bra ut. Så det står berre att å prøve ho på kikkerten.

 

Kikkerten er noko høg. Vi har leita på internett og snakka med kikkertspesialisten. Den typen vi har, er gått ut av produksjon. Nye kikkertar blir laga med sokkel. Vi håper å kunne mobilisere folk til bære materialar opp og lage ein sokkel på fjellet til våren. Er vi ein del folk, blir det ikkje mykje å bære på kvar.