31.mars er deadline for vintertrimmen vår. Våre postansvarlege vil i desse dagar legge ut nye bøker på dei «høgste» postane og byte bøker der vintertrim går over i sommartrim.

Som de har sett på heimesida, har det vore mykje att og fram når det gjeld elektronisk registrering.

No har Georeg laga ein lite-versjon som fungerer på same måte som tidlegare for dykk som vil nytte dette tilbodet. For andre er bøkene eit godt alternativ. Men skriv tydeleg!!!

På årsmøtet vart det vedteke å flytte postkassa på Løypingåsen til Gulakvila.  Halvor Elde har registrert dette i Georeg-appen, og Gunn Birknes har flytta kassa. Godt jobba!

Hald fram med å bruke fjella våre!

God tur!     Tove