I år som tidlegare år køyrer idrettslaget nokre konkurransar parallellt med sommartrimsesongen.

Dette for å gje folk ein ekstra puff og motivasjon til å komme seg i turantrekket. Konkurransane varer like lenge som sommartrimmen, det vil seie frå 1.april til 1.november.

Her er årets tilleggskonkurransar:

1. Alder 0-6 år: 10 turar på Gulakvila. Premien, eit gavekort på kr 500 hos XXL.

2. Alder 1. - 10.klasse: 10 turar på Høgefjellet. Premien er eit gavekort på kr 500 hos XXL.

3. Åpen klasse: 10 turar på Sagefjellet. Premien er eit gavekort på kr 1000 hos XXL.

 

NB! For å vere med i trekninga må ein vere medlem av idrettslaget!

 

Lykke til!