For dei som ikkje har vore der, ligg fjelltrimposten Tveiteskaret ovanfor Tveita. Det har i alle år vore 6 poeng å hente når ein har karra seg til topps der.

Etter henvending frå lokale turgåarar og diskusjonar i styret i Trimgruppa, har ein bestemt at ein heretter vil få 8 fjelltrimpoeng for denne turen. Grunnlaget er den utruleg harde oppstigninga samt lengda på turen.

For dei av medlemene som ikkje har prøvd denne løypa, er det berre å hive seg rundt. Starten er ved ballbingen i Tveita.