Sommartrimmen vart avslutta denne helga, og frå 1.november er vintertrimmen i gang. Georeg er nullstilt og nye bøker er lagt ut på postane.

Tilleggskonkurransane i vinter blir som forrige vinter;

Vaksne: 10 turar på Høgefjellet. Alle som klarar oppgåva er med i trekninga av eit gåvekort på kr 1000 frå XXL.

1.-10.klasse: 5 turar på Høgefjellet. Vi trekk ein vinnar som får eit gåvekort på kr 500 frå XXL.

0-6 år(under skulealder): 10 turar på Dagsturhytta. Vinnaren trekkast og får eit gåvekort på kr 500 frå XXL.

 

For medlemer som har lyst til å kome i gang med Georeg, vårt digitale teljesystem, kan ein skrive inn "Slik kjem du i gang med GEOREG" i søkefeltet på framsida. Ein finn då artikkelen vi laga til når vi starta opp med dette systemet, ei lettfatteleg oppskrift som alle har forutsetningar for å kunne forstå.

Søkefeltet finn ein på høgre side av skjermen om ein brukar pc, om ein brukar smarttelefon ligg søkefeltet rett under nederste artikkelen på framsida.

Om ein har spørsmål kring løyper, postar, bøker eller liknande, kan ein kontakte Tove Rutledal på tlf 95236015.

For spørsmål kring Georeg kan ein kontakte Kjetil Rutledal på tlf 99263363.

 

Lykke til!