Ein av toppane i årets ekstrakonkurranse for vaksne i sommartrimmen har her på nettsida gått under namnet Nordgulstølen. På Georeg ligg denne posten inne med namnet Tungebotn.

Leiar i trimgruppa har vore i kontakt med fjelltrimpost-ansvarleg Jakob Rutledal for å få klarheit i kva namn ein nyttar lokalt der inne, og svaret er at denne posten skal heite Tungebotn. Idrettslaget rettar dette opp i alle artiklar og skriv på nettsida frå i dag.

Takk til tidlegare leiar i EIL, Anne Karin Haveland, som gjorde oss merksame på feilen.