Teljekorpset er i full gang med oppteljinga av sommartrimmen for 2021. Komplette lister over kven som har klart poengkrava vil vere klare i god tid før årsmøtet i mars.

Ekstrakonkurransane vart talt opp no i romjula, og under ser de kven som er med i trekninga av dei forskjellige premiane.

 

Klasse 0-6 år, 10 turar på Gulakvila. INGEN har klart kravet, men tre born har gått ni turar kvar. Premien, eit gåvekort på kr 500 hjå XXL, vil trekkast mellom desse tre:

Sander Svidal

Sara Sofi Svidal

Viljar Molde Østerbø

 

1.-10. klasse, 5 turar på Flolidfjellet. Premien, eit gåvekort på kr 500 hjå XXL, trekkast mellom desse tre:

Cornelia Norman Bøe

August Norman Bøe

Hannah Aurora Rutledal

 

Open klasse,5 toppturar(Brosviksåta,Vatnestølen,Tungebotn/Nordgulstølen,Svabergfjellet,Kjerringnova). Premien er eit gåvekort på kr 1000 hjå XXL, og desse fire medlemmane klarte kravet:

Arild Fosse

Maike Norman Bøe

Nina Kolås Rutledal

Anne Karin Derås Haveland

 

Vinnarane trekkast så snart styret i idrettslaget får hatt neste styremøte.