Premieringa etter sommartrimmen 2022 vert gjennomført på ein annleis måte enn tidlegare. Vi vil ikkje lenger aktivt leite opp/kontakte medlemmar som har greidd premieringskravet. Unntaket er 

born og ungdom i alderen 0 til 16 år, desse vil fortsatt bli kontakta av oss og få overlevert til dømes medaljen dei har jobba så hardt for.

Tidlegare var årsmøtet staden der dei fleste fekk utdelt premiane sine, ofte til stor jubel frå andre frammøtte. Borna var både stolte og glade når dei kom opp for å motta beviset på kor flinke dei hadde vore.

Oppmøtet der har dei seinare åra vorte drastisk redusert, med det resultat att trimgruppa har fått eit voldsomt ekstraarbeid med utlevering.

Frå og med kommande sommartrimsesong vert det difor opp til kvar enkelt medlem(over 16 år) å finne ut om dei har klart kravet til medalje eller anna premiering. Idrettslaget vil henge opp lister på butikken og kommunehuset, i tillegg til at det vil verte kunngjort på nettsida og Facebook-kontoen vår.

Viss de har klart kravet og ynskjer premiering, må de kontakte leiar i trimgruppa, Tove Rutledal, på tlf 95236015 eller på mailadressa Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og gje beskjed om dette.

Denne avgjerdsla er eit styrevedtak og er gjort for å redusere belastninga på trimgruppa.

Har de spørsmål rundt denne nye ordninga, kontakt leiar Kjetil Rutledal på tlf 99263363 eller på mailadressa Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.