Sommartrimmen er i gang. Dei som ikkje nyttar Georeg må no fylle ut poengskjema sjølve om dei vil vere med i konkurransen. Bøkene på postane er kun "Gjestebøker". Skjema til utfylling finn de her:

Skjema er lagt ut hjå Spar Eivindvik og på kommunehuset. Nokre postansvarlege har og fått utdelt skjema og kan kontaktast om de vel det. 

Skjemaet ligg og klart til nedlasting her på nettsida, under rubrikken "Viktig info fjelltrim". Denne finn de oppe på høgre side mellom reklamen for GulenSkyss og reklamen for Nyhamar Slipp og Mekaniske. Om de nyttar smarttelefon ligg rubrikken nedanfor alle artiklane på framsida.

NB! Om de skriv ut skjema via nettsida må de passe på at de vel liggande format på utskrifta.

God tursommar!