Veret viste seg frå si beste side atter ein gong då Nissemarsjen vart arrangert 3.juledag. Omtrent blikkstille i lufta og litt snø på bakken la ei perfekt ramme for arrangementet.

Grunna mykje sjukdom i bygda var det spanande å sjå kor mange som til slutt dukka opp til marsj. 37 sjeler stilte til start, dei yngste i barnehagealder og dei eldste var godt vaksne pensjonistar i 70- og 80-åra.

Alle som ville fekk med seg faklar på turen, og ruta var slik den har vore dei siste åra. Vi starta ved buss-skuret nedanfor Bjelde-huset, gjekk opp i Øvre Stølen, svinga av til Prestesundet og returnerte deretter til startområdet der alle som ville kunne meske seg med kakao og pepperkaker.

Etter litt småprat og/eller leik deltakarane imellom, gjekk folk kvar til sitt att denne romjulskvelden.

Nedanfor finn de ein liten biletserie frå arrangementet: