Torsdag skjedde det store ting på terrassen utanfor Dagsturhytta. Eit splitter nytt bord med tilhøyrande benkar vart montert ferdig i løpet av nokre timar. 

Dagsturhytta har vorte eit fantastisk tilskot til kommunen vår, og vert flittig besøkt av både fastbuande og turistar. 

Idrettslaget fekk for nokre veker sidan spørsmål om å bidra til oppsetting av eit fastmontert bord på terrassen utanfor hytta. Dette har vore sakna, så vi sa ja og sendte søknad til Frivilligsentralen om pengar til å dekke materialkostnadane.

Kommunen har to fantastisk dyktige arbeidskarar som likar å jobbe med trevirke, Erling Fivelsdal Eide og Kåre Tveit. Desse to kappa og tilpassa materialen og bar den opp sjølve. Tre turar opp og ned gjekk dei før alt var på plass!

Etter litt lunsj og ein kaffitår vart bordet skrudd saman og fastmontert på staden. 

Under ser de nokre bilete tekne undervegs.