Det har vore mykje vind og nedbør i det siste, noko som har ført til avrenning av toppmassar og danning av til dels djupe renner på turstien. Verst råka er brattbakken nord/nordvest for Krossteigen, men og nærare Haugane er det skadar. Idrettslaget har ein vedlikehaldskonto for turstiane og vil ordne dette når veret roar seg.