
Erling Fivelsdal og Kåre Tveit har produsert nok eit forseggjort stykke trearbeid til gode for alle turgåarar i bygda vår. Sittebenken med overbygd tak er plassert like ved Karibenken, på toppen av Prestegardsstien mot Sollibotn.
Desse to karane har tidlegare mellom anna stått bak bygging av bordet på Dagsturhytta, trappa opp mot Guløytoppen og dei velbrukte boss-spanna langs Prestegardsstien.
Eivindvik IL set umåteleg stor pris på denne innsatsen, den let oss tilby både turistar og fastbuande den vesle prikken iver i'en både i og rundt løypene våre.
Karibenken står som sagt like ved, det er då berre rett og rimeleg at vi og finn eit namn til denne oppgraderte varianten som kan nyttast til alle slags formål i all slags vær. Send inn namneforslag til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. seinast 3.mai. Vinnarforslaget vert publisert dagen etter.


