
Den tradisjonsrike 1.mai-turen, i år i samarbeid med Barnas Turlag, gjekk i dag av stabelen med eit nydeleg vårvær som ramme.

Startområdet var som vanleg på Prestekaia, nytt av året var at samtlege born fekk utdelt premie før turen tok til. Oppmøtet var godt, totalt 22 vaksne og 28 born hadde sett kvardagslivet på vent for å nyte dei vakre løypene våre i finværet.



Været var aldeles strålande, på Vassverket vart det teke ein god rastestopp.

Frå Vassverket gjekk turen vidare mot Storemyra.


Dei aller fleste vart med til Storemyra der ein tok ein velfortent lunsjpause. Etter litt mat og drikke gjekk turen nedover att via Rimmane og ned til Prestegardsstien. Her fekk dei fleste for første gong sett den nye, flotte, overbygde sittebenken som kom på plass denne veka(Sjå tidlegare artikkel på nettsida.).
God stemning, fantastisk vær, fantastisk natur. Kan det bli betre?
Takk til alle som deltok, og ei ekstra stor takk til Barnas Turlag for eit framifrå samarbeid!


