Barne og ballaktivitetsgruppa består av leiar og fem medlemer.
Gruppa er ansvarleg for gjennomføring av fylgjande arrangement:

1. "Eivindvik cup." Dette er ei fotball turnering for vaksne, som blir arrangert i juni månad kvart år. Dette har vært eit populært arrangement frå det starta i 2004.
Banenemnda bidreg med tilrettelegging av denne dagen.
Om kvelden skipar vi til dans i Eivindvik ungdomshus, Vårtun.

2. "Ta sjansen." Arrangementet går av stabelen på Sandalskaia anna kvart år.
Her handlar det om å være kreativ, lage seg ein farkost, køyre ned sklia og komme seg ut i sjøen til bjella på kortast tid. I tillegg til "Båt-racet", er det vannsklie for barn,palleløp og godteposeutkast.
Her ligg mykje arbeid bak, og Banenemnda gjer ein fantastisk jobb med opp- og nedrigging av rampe.
"Ta sjansen" er eit stort arrangement der dei fleste i styret og legg ned stor innsats for å skape ein vellykka dag.

Ellers legg vi tilrette for fotballtrening for 1-4 klasse ein gang i veka, der 1. og 2. klasse har trening mandag, 3.  og 4. klasse tysdag.

Fotballcupar og kampar for barna er og populært, så vi har arrangert turneringar der vi har invitert dei andre skulekrinsane i kommunen for ein speledag på Eivindvik stadion.
Vi avsluttar ein kjekk og sosial dag med premiering til alle deltakarar.
Vi har og delteke på turneringar hos nabokommunar ( Hosteland og Austrheim )

- og ikkje minst deltok vi i 2015 på ei av landets største fotballturneringar, Åsane Fotballfestival som går av stabelen i Vestlandshallen. Vi håpar å få til å delta på dette årleg som ei flott avslutning på årets fotballsesong.