HISTORIKK EIVINDVIK IDRETTSLAG

 

Eivindvik idrettslag har ei lang historie, men diverre har vi ikkje vore i stand til å finne dokument, møteprotokollar og andre skriv frå lenger tilbake enn 1976. Vi trur det eksisterar eldre dokumentasjon ein eller annan stad i bygda, så om nokon har slikt liggande set vi pris på om de tar kontakt.

 

I Eivindvik ungdomslag si 50 års jubileumsavis «Vårbrudd» frå 1948 står fylgjande:

«Etter framlegg frå John E. Henriksbø vart det i 1900, som eit serlag av u.l., skipa eit idrotts- eller turn-lag. Det gjekk ei tid frametter under leiing av dr. Nielsen(som var ein flink turnar) og læraren. Øvingane vart haldne i den vesle «bårstaua» på gamle prestegarden».

 

Lokalhistorikar Magnor Midtun fortel at i ungdomslaget si handskrivne avis «Fremad», vart det 29.1.1905 lufta tankar om at «Vaarbrudd»(ungdomslaget), «Skjotarlage Gula» og «Idrettslage Gula» skulle byggja eige hus.

 

Midtun fortel vidare at han ikkje har sett noko skrive om idrettslaget dei fylgjande åra, og at det i alle fall i 1950- åra har vore lite aktivitet når det gjeld idrett i bygda.

 

Tidleg på 1960-talet fekk kommunane oppmoding om å få opp aktiviteten i idrettsarbeidet. Midtun, som då var leiar i det kommunale ungdoms- og idrettsutvalet i Gulen, ordna med møter med idrettslaga. Mellom andre fekk laget vårt då nytt styre og andre verv og arbeidet kom i gang att. Møteprotokoll vart skriven, men som tidlegare nemnd er denne protokollen blant dokumentasjonen som no er vekke.

 

Heilt i starten av 70-talet vart idrettslaget blåst liv i på ny, denne gang takka vere lensmannsbetjent Henry Indrebø. Han starta opp med friidrett, og det vart arrangert treningar. Kvart år deltok fleire ungdommar frå bygda i kretsmeisterskapen i Sogn og fjordane, og idrettslaget fekk fleire kretsmeistrar. Mellom anna vart Sam Inge Høyland kretsmeister i høgde, og Hildur Sognefest i høgde, 100 meter hekk og 800 meter.

Hildur Sognefest i aksjon under kretsmeisterskapen i Sogndal i 1976


Den som gjorde størst suksess på idretten sin var utvilsomt Hall Midthun. Han var langdistanseløpar i den ypperste norgeseliten. Blant dei beste prestasjonane hans finn vi  mellom anna fylgjande:

-     Bronsemedalje i NM på 25 km klasse 35-40 år i 1983

-     Bronsemedalje i NM Maraton klasse 35-40 år i 1984

-     Deltok i Drammen maraton 5 gonger frå 1982 til 1987, eit stort løp med 1500 – 2000 deltakarar kvart år. Tre av åra vart han mellom dei 15 beste uansett klasse, beste plassering var nr 8 i 1987.

-     Vann Rett Vest maraton 3 gonger, sette ny løyperekord i 1982.

-     Vann Bergen maraton i 1983 på ny løyperekord

 

Hall Midthun gjorde stor suksess i ymse løp på 80-talet.

 

Etter ferdigstillinga av idrettsbana, arrangerte idrettslaget friidrettsstemne der i 1986. Dette er einaste gongen bana har blitt brukt til eit slikt større arrangement. 

 

Eivindvik Friidrett.

Eivindvik friidrett vart stifta i 2006 gjennom Eivindvik idrettslag. Dei vart innmeldt i Noregs friidrettsforbund og hadde treningar på idrettsbana og i gymsalen om vintaren.

Det vart kjøpt inn ein del utstyr som spyd, kuler, hekker, startsblokk og singlet til dei som ville konkurrere. Det vart også bestilt treningsdress med logoen til idrettslaget som alle medlemmer kunne bestille. 

Trenarar var Ronny Haveland, Rune Østerbø og Astrid Opdal. 

 

Det var fleire utøvarar som hevda seg i fylket og nasjonalt. Kiri Njøten var blant dei beste i landet i sin klasse på 400 og 800m. Lina Haveland og Erlend Indrebø vart tatt ut på kretslaget til Sogn og Fjordane. Fleire var også inne på Noregstatistikken i sin klasse. Masse gode talent som kunne hevda seg i sin klasse i Noreg. Ronny hevda seg også i veteranklassen 35-39 og vart nr 2 i sin klasse på 60m i Noreg som beste resultat. 

 

Det var stor interesse for treningane og det var til tider mellom 20-30 tilstades. Treningane var for 5-10kl og krevde god organisering, og fleire vaksne. Vi dro på stevner til Bergen, Knarvik, Florø og Byrkjelo. Det kjekkaste for gruppa var sommarstevner på Byrkjelo med overnatting som verkeleg var eit høgdepunkt for både vaksne og utøvarane. 

 

I 2012-13 vart det pause i treningane, og det vart dessverre ikkje meir aktivitet.

 

Vi har ei side på facebook frå dei siste åra:  Eivindvik friidrett

 

I 1972 vart det igangsett husmortrim på skulen, der treninga bestod i linjegym og basketball. Denne treninga heldt fram til ho vart avløyst av aerobic midt på 80-talet. «Flesketrimmen», der hovudaktiviteten var sirkeltrening. var ei trening for begge kjønn som varte frå 1991 til 2003.

 

Då bassenget på skulen vart opna i 1974, fekk idrettslaget raskt spørsmål om ein ville arrangere offentleg bading ein kveld i veka. Billettinntektene gjekk til drifta av laget, og det vart sett opp lister over medlemmar som gjorde ein formidabel innsats som badevakter. Den offentlege badinga heldt fram heilt til bassenget vart stengt i 2001.


Lydige og oppstilte born i bassenget på 80-talet

 

Idrettsbana

Behovet for ei idrettsbane hadde vore diskutert lenge i Eivindvik. På 50- eller 60-talet gav bøndene på Midtun eit landområde i gåve til idrettslaget, slik at ein kunne lage idrettsbane der. Dette området låg mellom grinda inn mot Midtundalen og snuplassen som er der no, og heitte Tumyrane i området ved Leite.  Då tankane om ei idrettsbane kom fram att på 70-talet, vart det bestemt at ein ville lage ei løpebane på 330 meter i tillegg til fotballbane. Området på Midtun var då for lite.

Idrettslaget ville helst legge anlegget i tilknytning til skulen, for å kunne nytte garderobefasilitetane der. Ein peikte seg ut eit område på Undertun, ovanfor garden der. Det vart, etter litt diskusjonar, bestemt at ein ikkje ville øydelegge så mykje dyrka mark for å lage ei idrettsbane der.

Det vart og arbeidd med andre alternativ, mellom anna Leirvika nedanfor skulen, men dette førde ikkje fram.

Trygve Flolid, som no budde i Bergen, var positiv til idrettslaget sine planar om å byggje idrettsbane. Bjørg Garvik, Bjørn Randal og Magnor Midtun vart sende til Bergen for å forhandle med Trygve om kjøp av Merkesvika der bana no ligg. Dei tre klarte å forhandle fram ein svært gunstig avtale på laget sine vegne.

Planlegginga starta, ein fekk utarbaidd teikningar og ein økonomisk plan for prosjektet. Henry Indrebø og Trygve Asbjørn Wergeland var hovudansvarlege for kvar sine område av prosessen, noko dei fortsatte med til bana etter kvart vart ferdigstilt.

Finansieringa skulle løysast etter denne nøkkelen:

1/3 skulle betalast av kommunen

1/3 skulle dekkast av idrettslaget

1/3 skulle dekkast gjennom tippemidlar

 

Eit problem undervegs i prosessen vart at ein etter ei tid ombestemte seg med tanke på kor lang løpebana skulle vere. Utgangspunktet for all finansiering, prosjektteikningar og tomtekjøp var at bana skulle vere 330 meter lang. Det vart bestemt at løpebana burde vere 400 meter i staden, noko som medførte store ekstrautgifter til sprengningsarbeid, utfylling, planleggingsarbeid mm. Det vart og litt usemje med grunneigar om oppkjøp av ekstra område. Desse problema løyste seg, og finansieringsplanen var i orden. Anlegget vart kostnadsrekna til kr. 2.100.000.

 

Idrettslaget byrja arbeidet på idrettsplassen våren 1978. Det var ei voldsom oppgåve, og bygdefolket la ned over 8000 dugnadstimar for å få plassen ferdigstilt. Maskiner vart leigde hjå Magnus Neverdal. Magnus la og sjølv ned mykje arbeid på plassen.

Då planane vart lagde fram for kommunestyret fekk bana plass nr 6 på kommunen si prioriteringsliste for idrettsanlegg. Skulle prosjektet verte utsett i det blå?

Idrettskretsen ga idrettslaget signal om at eit kommunalt vedtak som garanterte utbetaling når anlegget kom i prioritet, ville medføre at kretsen betalte sitt bidrag etter kvart som arbeidet med plassen skreid fram.

Ordførar Ola Byrknes og Magnor Midtun forma etter oppdrag frå kommunestyret eit vedtak som vart godteke.

Så måtte laget ut til bygdefolket igjen for å samle midlar til å forskottere kommunen sin del, i tillegg til alt dei før hadde ytt til anlegget. Det dreia seg om ca. kr. 5000,- for kvar husstand. Det kunne gjerast i form av ei innbetaling til ein nyoppretta konto i banken, eller ved å stille garanti for summen. Summen skulle så betalast tilbake når kommunen betalte ut sin del av kostnaden med bana. Magnor Midtun fekk jobben med denne innsamlinga.

I tillegg til dette vart det og ordna med eit lotteri for å skaffe inntekter. Lotteriet ga mellom 13.000,- og 14.000,- i netto utbytte.

Svært mange betalte inn desse pengane, eller så mykje dei kunne avsjå. I 1996, 18 år etter at idrettslaget starta bygginga, fekk laget utbetalt restsummen kommunen skulda dei. Det vart ikkje teke omsyn til renteutgifter laget hadde hatt i mellomtida. Alle som hadde gitt bygdelån fekk tilbod om tilbakebetaling, noko dei fleste takka nei til. Totalt betalte idrettslaget attende rundt kr 30.000 til bygdefolket, medan resten av innbetalinga vart sett på sparekonto.

Jarle Nordgulen mottek blomar i samband med den aller første heimekampen spela på Eivindvik stadion.

Når ein endeleg var ferdig med grunnarbeidet, fekk Rolf Midtun i oppgåve å så grasfrø på det ferdige banedekket.

I 1982 vart den fyrste fotballkampen spelt på idrettsbana, og ferdigstilling av garasje vart gjort samstundes. Dei påfylgjande åra vart resten av anlegget ferdigstilt, og klubbhus vart bygd. Gulen fotballklubb betalte for oppsettinga av speakerbu med stereoanlegg, mikrofon og høgtalarar.

Innsatsen og offervilja til bygdefolket var formidabel, langt utover det ein kunne forvente. Henry Indrebø og Trygve Asbjørn Wergeland gjorde begge ein enorm innsats for at bana skulle bli ein realitet, og utan desse eldskjelene hadde det nok neppe vore idrettsbane i Eivindvik den dag i dag.

Arbeidsinnsatsen vart omtalt langt utanfor kommunegrensene. Organisasjonssjefen i Sogn og Fjordane idrettskrins på den tida, Odd Bjarne Solheim, omtalte bygdefolket sin innsats i samband med bygginga som unik. Han meinte det kom til uttrykk ei dugnadsånd og ein innsatsvilje utover det vanlege, noko som verkeleg synte dei positive kvalitetane ved bygdenoreg.

Etter tips frå idrettskrinsen dukka sågar VG opp i bygda og laga sak om dugnadsinnsatsen. Før nemnde Indrebø og Wergeland dekka heile forsida av avisa med dette biletet og overskrifta: «Verdensmestere i dugnad!»

 

Idrettsmerketaking

Norges Idrettsforbund har sidan 1915 hatt tilbod om taking av idrettsmerke, ei ordning for å få folk til å trene. For å klare idrettsmerket, må ein klare krav justert for alder og kjønn i ulike kategoriar. Desse kategoriane er trim, spenst/presisjon, hurtighet, styrke og utholdenhet.

Idrettslaget starta opp organisert idrettsmerketaking på skulen i 1980. Dette tiltaket varte ved i organisert form fram til 2008. I snitt deltok 2-14 personar på desse dagane.

 

Trimgruppa/Fjelltrimmen

 

I byrjinga av 80-talet var fjellgåing for mosjonen og naturopplevingane sin del ikkje vanleg. Det var ingen stiar til dette formålet, stort sett berre gamle dyretrakk ein kunne fylgje.

Tove Rutledal, som då sat i styret, meinte idrettslaget burde prøve å nytte det fantastiske turterrenget i nærområdet til å få fleire folk ut i aktivitet. I 1981 og 1982 vart det gjort forsøk på å rydde og merke gamle dyretrakk i fjella rundt Eivindvik, samt å legge trasear til nokre nye løyper. Magnor Midtun hjelpte mellom anna til med dette.

I 1983 starta Fjelltrimmen slik vi kjenner han i dag, med oppmerka, bearbeidde løyper, bøker for signering på fjelltoppane , ei årleg oppteljing av poeng og utdeling av premiar til dei som klarte poengkrava. I 1983 stod det 249 forskjellige namn i bøkene, så det var ingen tvil om at tiltaket var ein suksess. I åra som fylgde auka talet på løyper og deltakarar år for år. I 2016 var det 1216 personar som skreiv seg i bøkene.

Idrettslaget var mellom dei fyrste laga i landet som sette i gang med Fjelltrim, og mange andre lag og organisasjonar har fulgt etter.

Tove Rutledal og Marit Sandal tek ein velfortent kvil på Ormekletten etter skog/stirydding.

 

Tove Rutledal har gjennom heile denne perioden, frå 1981 til i dag, vore ansvarleg for dette prosjektet. Ho har fått god hjelp frå mange, det vere seg medlemer i trimgruppe/idrettslag eller friluftselskande personar i bygda for øvrig. Marit Sandal har vore ein trufast følgesvenn i fjellet og med organisering dei siste 15 – 20 åra. Ein har og fått hjelp av frivillige til ettersyn av glas og bøker, legge ut og samle inn bøker samt telje opp poeng poeng i sitt område.

Bilete frå ein fellestur til Kjerringnova i 1998.

 

 I 2009 blei ”Kystarven” lansert, eit samarbeidsprosjekt mellom Hafs-kommunane  ang. rydding og merking av turløyper til internasjonal standard. I 2011/2012 kom trimgruppa for alvor med i prosjektet. Formelt er det idrettslaga i kommunane som har ansvaret for rydding og merking. I vår skulekrins har vi 5 løyper.

Trimgruppa har hatt mykje papirarbeid samt alt det praktiske arbeidet med rydding/merking/skilting i løypene.  

 

Volleyball

I 1986 starta idrettslaget opp ei volleyball-nemnd. Det vart kjopt inn utstyr, og ein meldte på eit herrelag i 4. divisjon i Sogn og Fjordane. Dette laget deltok i seriespel i ca ti år, då det vart nedlagt grunna spelarmangel. Arild Fosse, Gerhard Relling og Rune Østerbø var sentrale personar for dette tiltaket.

Med unntak av trimgruppa og friidrettsgruppa avtok dei andre aktivitetane utover 1990- og fyrste halvdel av 2000-talet.

Nokre «flesketrimmarar» deltok i ulike løp rundt om i Hordaland og Sogn og fjordane, mest for mosjonen sin del. Idrettslaget arrangerte fotballcup for skuleungar frå nærliggande skular, eit arrangement som gjekk på omgang mellom skulane/laga.

Frå sentralt hald vart idrettslaget på 90- talet oppmoda om å starte barneidrettsskule for ungar under 10 år. Dette fordi dei var for unge til å registrerast i særlag. Idrettslaget fekk eit tilskot på ca 10.000 kroner frå forbundet for å kunnr løne instruktørar. Denne skulen pågjekk nokre år, og borna fekk opplæring i bolkar i ulike idrettar.

 

Eivindvik Cup

Fotballturneringa Eivindvik Cup er ei turnering for vaksne som finn stad i juni månad kvart år. Det er ein herre- og ein dameklasse, og kampane finn stad på idrettsbana. Dette er eit større arrangement, med alt frå 8 – 12 påmeldte lag. Første gong turneringa fann stad var i 2004.

Ansvarleg for arrangementet er Barne- og ballaktivitetsgruppa, medan banenemnda tek seg av rigging av utstyr, merking, rydding mm.

 

Ta sjansen

Etter forslag frå Anne Karin Derås, vart det arrangert «Ta sjansen» på baksida av butikken fyrste gong i 2007. Ideen er henta frå arrangementet med same namn som vart helde i Holmenkollen nokre år tidlegare.

Konseptet her er å bygge ein farkost som skal ned ei rampe og ut til ei bjelle som er festa i sjøen eit stykke frå land. Regelverket for farkostane er strengt, og må fylgjast. Ein har tre vinnarkategoriar; raskaste båt, fantasiprisen og fiaskoprisen. I tillegg lagar laget til ei palleløype, ein har utkast av godtepose med pengepremie samt sal av ymse mat og drikke.

Løpet blir forsøkt arrangert annakvart år, då det er ei særs tidkrevjande oppgåve for heile laget. Banenemnda har ansvar for all logistikk, inkludert rigging av rampe.