Idrettslaget har vore i kontakt med Idrettsforbundet for assistanse når det gjeld publisering av bilete av privatpersonar og barn på nett. Her er det eit strengt regelverk å forholde seg til. På adressa https://www.datatilsynet.no/Sektor/Skole-barn-unge/Bilder-pa-nett/ står det ei oversikt over kva ein må ta omsyn til før publisering.

 

Idrettsforbundet meinte det var enklast for oss om vi tok dette opp i samband med utsending av medlemskontingent kvart år. I staden for eit samtykkeskjema, vil vi be om at alle som ikkje ynskjer disponering av seg sjølv eller familiemedlemmar på idrettslaget si heimeside om å gje beskjed til idrettslaget om dette. Bilete lagt ut på nett blir i all hovudsak situasjonsbilete frå ymse arrangement, der aktiviteten er hovudfokus. Ein vil ikkje vise bilete av barn i pinsame situasjonar, det vere seg lettkledde bilete eller situasjonar som kan opplevast som krenkande. Viss ein vil legge ut portrettbilete, vil idrettslaget alltid kontakte føresette for godkjenning.

 

Når du betalar kontingenten din, godtek du samstundes at idrettslaget kan publisere bilete av deg og dine barn i situasjonar som skildra ovanfor. Viss du ikkje ynskjer slik publisering kan du kontakte nestleiar i idrettslaget ,Kjetil Rutledal, på mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf 99263363

 

Vi gjer og merksam på at bilete som vert lagt ut på nettsida vår, ikkje blir sletta automatisk etter ei viss tid. Dei vil etter ei tid bli lagt i arkivet,som og er tilgjengeleg for alle.