Hovedutvalet for kultur og næring ga oss 30 mai ei tildeling på 1 million til turstien vår.

I skrivande stund har vi tilsagn på kr. 2 320 000,-, og manglar kr. 120 000,-.
Vi har framleis nokre søknadar ute, som vi ventar svar på. Desse midlane har vi garanti for.
Dersom private ynskjer å støtte prosjektet vår, kan ein framleis betale 500,-/ meter J
Kontonummer: 3705.31.70812, hugs å merk innbetalinga med namn!


Frist for å bidra er 1 juli 2017.

Framdriftsplan

• Vi har sendt inn byggjesøknad til kommunen, som vi no ventar svar på.
• Vi lagar i desse dagar klar invitasjonar til ymse entreprenørar for å be dei gje oss tilbod på å lage stien.
• Vi vil lage ein plan for dugnadsarbeidet som ventar. Det er ein del rydding i traseen før anleggsmaskinene kan ta til.
Vi jobbar med forslag til korleis vi kan løyse dugnadsoppgåvene på ein god, inkluderande  og hyggeleg måte.
Oppstart dugnadsarbeid medio August.