Som enkelte kanskje har fått med seg, har det kome opp nokre rare stativ i området rundt turstien mellom Øvre Stølen og Solleibotn.

Initiativtakar og nyleg avgått leiar i idrettslaget, Anne Karin Derås Haveland, la i fjor fram ynskje for styret om å lage ei frisbeegolf - bane i området rundt turstien. Målet er å skape større interresse for å komme seg ut i naturen, kanskje spesielt blant ungdommane våre.

Styret var positive, og Anne Karin og Geir Haveland har no fått på plass dei fem frisbee -fangarane rundt austre del av stien. Om ein går inn på stien frå Øvre Stølen- sida, ser ein desse når ein kjem opp første bakken.

Det gjenstår fortsatt noko arbeid før ein kan ta bana i bruk;

- Det må fjernast ein del greiner og evt anna rusk slik at det er lettare å gå tørrskodd mellom fangarane.

- Det må lagast til eit system for avrenning av vatn, gjerne litt grøfting og gruslegging.

- Ein skal markere på turstien to forskjellige utkastpunkt til kvar frisbeefangar.

- Det må lagast til eit laminert løypekart som står ved starten av bana.

- Ein må sette opp ein postkasse eller liknande for oppbevaring av frisbeear, regelverk og skjema til poengskriving.

- Det skal settast opp eit skilt som fortel turgåarar kva dette eigentleg er. 

 

Om alt går etter planen vil bana vere klar til bruk før sommaren!