Steffen Svidal har i fyrste del av august lagt ned trekkerør og gjort tomta klar til forskaling.
Ballbingen vart levert flatpakka på Prestekaia 12.august

Same veke gjekk ein i gang med forarbeid til forskaling og oppsett av forskaling
Ringmur vert etter planen støypt fredag 23.august. Dette arbeidet blir leia av Jo Helge Bårøy.

Når ringmur er ferdig støypt, skal bingen fyllast opp med drenerande massar før sjølve kunstgraset vert lagd ned.
Fredag 30.august kjem ein montør frå produsenten for å sette opp/ferdigstille ballbingen. Dette gjerast med hjelp av fire dugnadsmenn/kvinner, og er planlagd gjennomført på ein dag.

Vi kjem tilbake med meir informasjon vedrørande opning av ballbingen for publikum.