I dag fekk idrettslaget levert 17 tonn singel og 13 tonn grus til bruk rundt ballbingen og i frisbeegolfområdet. Noko singel skal og nyttast i våte stiparti rett ovanfor Karibenken. Idrettslaget planlegg dugnadsarbeid på desse anlegga i løpet

av våren for å få ferdigstilt områda. 

Takka vere velvilje frå både masseleverandør DC Resources Halsvik og transportør Klaus Hjartholm Transport AS, får idrettslaget godt rabatterte prisar frå begge leverandørar. Tusen takk!