Høsten 2018 gjekk styret i Eivindvik IL inn for å søke om spelemidlar til ballbinge. Ballbingen skal ligge på eigna tomt i Prestesundet bustadfelt.

Idrettslaget har rettigheit på tomta, som er eit krav for tildeling av spelemidlar.

Eivindvik IL har no godkjent spelemiddelsøknad på 450 000 kr med lysanlegg.

 

Gjensidigestiftelsen har gitt gåve på 226 268 kr, Gulen kommune 88 000 kr, Ytre Sogn kystlag har gitt 30 000 kr, Spar Eivindvik 10 000 kr og vi har fått 32 000 av kontoen som tilhørte flittige Lise.

Det gjenstår litt finansiering som må jobbast med fram mot oppstart. Det er fleire stiftingar og bedrifter ein kan søke framover mot sommaren.

 Anlegget er kostnadsberegna til 1 093 510 kr . Noko innsparing blir det med dugnadsarbeid.

 Ballbingen som er tiltenkt tomta har ein størrelse på 26 x 14 meter og Idrettslaget ynskjer å legge til rette for fleire ballidrettar. Idrettslaget har fått tilbod frå Unisport på ein ballbinge med gode kvalitetar som krev lite vedlikehald,  støyer lite og som er så lite synleg som mogeleg.

 

Tildelinga av spelemidlar vil skje i juni 2019 og ein håpar å komme i gang i løpet av sommaren