Her kjem ein liten statusrapport på Prestegardsstien del 2. 

Ein har no kome seg ca 270 meter med veg innover frå sjukeheimen, forbi huset til Asbjørn og Randi Wergeland. 

Sist laurdag, 14.desember, var to traktorar med kvistemaskiner samt ti mann på dugnadsarbeid heile dagen. Ein fekk då kvista og rydda mykje, men det står fortsatt mykje att. Planen er derfor å fortsette med dugnadsarbeid laurdagar og ellers i ledige stunder framover. Hovudarbeidet vil på desse dagane verte uttak av nedfelt gran samt rydding/kvisting i området frå sjukeheimen og innover.

Til helga tek både dugnadsgjengen og entreprenørane juleferie. Planen er så å starte opp att rett over nyttår, mest truleg 2. januar. Ein må då først skyte ut litt meir massar. Målet er å knytte saman dei to sti-delane nord-nordvest for Krossteigen i løpet av januar. 

Etter dette må ein gå over den førebelse vegen att, rette av, ordne grøfter, pynte skråningar og legge grusdekke. 

Håpet er å ha vegen klar til opning i løpet av sein vinter/tidleg vår. 

Vi har mange iherdige eldskjeler i arbeid, men om fleire vil vere med på dugnadsarbeidet er det berre å kontakte Rune Håvåg på tlf 90185796!