Prosjekt tursti: Nordsjøløypa -Sollibotn til Haugane-                        

Universell utforma.
Fysisk aktivitet og moglegheit for alle!

Prosjektet starta ved at initiativtakar Rune Håvåg og Maike Norman Bøe inviterte til møte der lag
og organisasjonar møttest for å diskutere om det var noko ein kunne samle
seg om å få gjennomført som eit felles prosjekt. Ingen innvendingar mot
prosjektet. Vi inviterte oss til kommunen og la fram våre planar og ynskjer, dei
var svært positive til prosjektet.
Eivindvik idrettslag sa seg villig til å stå som søkjar for prosjektet og i gang gjekk me!
Me danna ei arbeidsgruppe som blir leia av Rune Håvåg og Maike Norman Bøe

Kjetil Rutledal ,Martha Eidsnes og Kenneth Kidøy er og med i gruppa.
Kommunen bevilga 50.000 kroner etter søkand om midlar til å få utarbeida ein
rapport om prosjektet.

Landskapsarkitektkontoret Stiv kuling AS utarbeida ein rapport som skal
fungere som eit arbeidsdokument og som eit dokument for å utarbeide søknadar
om støtte.

Turstien vil bli utarbeida etter gitte mål for å tilfredstille kriteria for å søkje om
spelemidler. Då det er høgt prioritert frå regionalt hald å utarbeide slike
sentrumsnære turvegar vil prosjektet mest truleg få støtte alllerede frå juni 2017.

Turstien vil bli 1,5 til 2 meter brei, med grus av god kvalitet og tilrettelagt for alle
uansett funksjonsnivå.
Det skal tilretteleggast med kvileplassar og små utsiktshytter, og ein gapahuk
med grill ved stien.Lys langs trassen er også på ynskjelista.

Me jobbar no med diverse søknadar og å innhente prisar på arbeidet med
stien.

Alle skal få sjansen til å bidra ved å kjøpe seg inn i stien med 500 kr
meteren. Her håper me at mange støtter opp om prosjektet slik at me får alt
på plass. Både private ,næringsliv og andre lag og organisasjonar er
velkomne til å gje. Me blir glade for små beløp og store beløp!

Prosjekt tursti har ein eigen konto i sparebanken Sogn og fjordane

Oppdatering/orientering om prosjektet datert 24.februar 2017:

Høsten 2016 har handla om å skaffe kapital til prosjektet for å klare finansieringskravet opp mot spelemidlar.
For å kunne søke om ein million i spelemidlar( som er maks ein kan søke om), må ein finanisere den andre millionen sjølv.
Vi har arbeida ein del med spelemiddelsøknaden, den krev ein del informasjon. Den er no godkjent frå fylket med kostnadar på 2.3 millioner for heile turstien.


Egenkapital( innskudd privatpersoner og bedrifter) 300 tusen
Wergeland holding 200 tusen
Gulen kommune 200 tusen
Dugnad 250 tusen

i tillegg har me fått Total Rekneskap til å garantere for 200 tusen, samt nokre private garantistar, slik at me har finansieringa i orden.
Dette for å kjøpe oss tid til å skaffe det resterande beløpet som no er rett i overkant av 300 tusen.
Me søkjer Sparebankstiftinga 1 mars og me lyt jobbe videre med resten.



Vegen vidare:
-Få på plass resten av finansieringa, etterkvart som me får meir penger fell garantistane vekk. Ca 300 tusen manglar pr dags dato.
-Utarbeide «anbudspapir» ovanfor entreprenørar, levere ut og innhente tilbod på opparbeiding av turstien
-Rydde traseen for trær osv , gjere klart til maskiner i juli.
- 1 juli 2017 blir det avgjort om vi får tildeling av spelemidlar, og me kan då starte dagen etterpå om positivt resultat.
- Susan Norman held på å designe takketavle der alle bidragsytarane blir namngjevne. Bedrifter etterspør ofte profileringsplan, så det må me arbeide med utover våren. Susan har utkast klart.