Trimgruppa er ei undergruppe av Eivindvik idrettslag.

Fjelltrim med premiering har vore hovedaktiviteten sidan gruppa blei danna på slutten av-70talet.I starten var det berre ei handfull, men utviklinga har vore veldig positiv.
Pr dags dato (2015) er det om lag 1300 brukarar som går i terrenget, takka vere mange 
godt merka og godt rydda løyper.

Frå tidleg på -90 talet starta vi opp med fellesturar. Dei første  gjekk vi inn til Midtundalen –
der det vart servert rømmegraut. Men etter kvart  organiserte vi forlenging av denne turen
og andre lengre turar over alle fjell i området vårt. På denne tida hadde vi 2-5 fellesturar i året.

I 2002 var det ”Fjellenes år” i heile landet, og i den anledning blei det i vår skulekrins sett opp 
premiering til dei som greidde å besøke minst 8 av 10 fjelltoppar. Kommunen støtta prosjektet med 
midlar. I 2003 satsa vi stort: Fellesturar kvar helg frå 1.juni til 30.september. Men på grunn av veldig 
variert oppmøte, blei det berre med dette eine året i eit slikt omfang. Etter eit par år vart talet på 
fellesturar kraftig  redusert. Pr i dag (2015) er det snakk om 1-2 turar i året.

I vintersesongen 2005/2006 starta vi opp med eigen vintertrim i tillegg til sommartrimmen slik at fjelltrim blei ein heilårsaktivitet.

Utanom fjelltrimaktivitetar og rydding/merking av løyper hadde trimgruppa frå 1980 ansvar for 
idrettsmerket, men etter kvart dabba det av, og ordninga opphørte i 2008.

Trimgruppa har hatt fleire engasjement, mellom anna for Gulen kommune, med rydding av turløype 
til Guløytoppen på Flolid (Tingstaden sitt område), mot betaling.

I 2009 blei ”Kystarven” lansert, eit samarbeidsprosjekt mellom Hafs-kommunane  ang. rydding og merking 
av turløyper til internasjonal standard. I 2011/2012 kom trimgruppa for alvor med i prosjektet. Formelt er
det idrettslaga i kommunane som har ansvaret for rydding og merking. I vår skulekrins har vi 5 løyper. 
Trimgruppa har hatt mykje papirarbeid samt alt det praktiske arbeidet med rydding/merking/skilting i løypene. 

Av og til har vi hatt med oss ein dugnadsgjeng til tunge løft og arbeidet med boring for skiltstolpane.

                                                                                                                                         Marit og Tove