Grunna ustabile værforhold og potensielt ein både vindfull og regntung laurdag, har dei ansvarlege for "Ta sjansen"- arrangementet beslutta å avlyse årets utgåve. Logistikk og rampebygging tek to dagar, så avgjerdsla vart difor teken torsdag formiddag.
Vi beklagar på det sterkaste til både båtbyggarar/mannskap og alle som hadde gledd seg til arrangementet.
Dansen i ungdomshuset same kveld går av stabelen som planlagt.