Eivindvik IL er eit av mange tusen frivillige lag og organisasjonar som mottek økonomisk stønad på bakgrunn av medlemstal.
Ein har oppdaga at det over tid har vorte rapportert inn til dels svært oppblåste medlemstal over det ganske land. Dette har blitt gjort med eitt føremål; å tileigne seg urettmessig store utbetalingar frå staten. Dette prøver ein no å få bukt med.
Alle lag og organisasjonar er frå 2020 pliktige å ha medlemene sine registrert elektronisk. Eivindvik idrettslag må no syte for at ALLE våre medlemer registrerar seg i medlemsregisteret til Norges Idrettsforbund. Grunnen til at vi ber medlemene gjere dette sjølve, er at ein treng både e-postadresse og fødsels- og personnummer for å gjennomføre registreringa.
Dette har ikkje idrettslaget oversikt over..
Det er viktig at ein registrerar alle i familien, i familiar med små born kan ein registrere desse på føresette si e-postadresse.
Om nokre medlemer ikkje klarar dette på eiga hand, kan ein kontakte Maike Norman Bøe på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller på tlf 95749801 for rettleiing/hjelp.
For å komme i gang med registrering, går ein inn på linken medlemskap.nif.no og føl instruksane der. Det er tilrettelagt for at ein skal klare å gjennomføre registreringa utan mykje kunnskap om data/smart-telefonar/nettbrett e.l.
NB! Det ligg allerede inne ca 40 personar på medlemslista vår. Dette vart gjort for fleire år sidan. Viss ein går inn for å registrere seg no, og ligg inne der frå før, vil ein undervegs i prosessen få beskjed om at ein allerede er registrert. Ein treng då ikkje fullføre registreringa.
Når ein så har registrert seg, kan ein logge seg inn på minidrett.no med brukarnamnet og passordet ein har laga under registreringa. Ein kjem då inn på si eiga side, der ein mellom anna kan sjekke medlemskapet sitt.
LUKKE TIL!