Mandag er vi i gang med ein ny "Månadens quiz". For å kunne delta må du først registrere deg på nettsida. Slik gjer du det;
1. Nede på startsida finn du eit påloggingsfelt som ser slik ut:
2. Under "Logg inn"- knappen finn du teksten "Registrer konto". Trykk på "Registrer konto", du får då opp skjemaet avbilda under:
3. Fyll ut skjemaet. Brukarnamn og passord finn du på sjølv, bruk gjerne noko enkelt som du hugsar. Alle felt MÅ fyllast ut. Når du er ferdig med utfyllinga trykker du på "Registrer"- knappen nederst.
Du får då automatisk tilsendt ein mail frå oss.
4. Opn mailen din. I mailen ligg det ein aktiveringslink, det vil seie ein tekst farga i blått som du i mailen får beskjed om å trykke på. Trykk på denne aktiveringslinken.
5. Når du har trykt på linken, kjem du automatisk attende til framsida vår, www.eivindvikidrettslag.no. Rull deg nedover på sida til du finn att påloggingsfeltet, det såg slik ut:
6. Legg inn brukarnamnet og passordet du valgte deg under registreringsprosessen, og trykk på "Logg inn". Du er då pålogga.
7. "Månadens quiz" ligg øverst oppe på startsida, den ser slik ut:
8. Klikk på bildet/logoen du ser over.
9. Du kjem då til startsida på quizzen. Trykk "Start quiz", og du er i gang. 15 spørsmål skal svarast på i løpet av 5 minutt.
NB! Om du prøver å opne quizzen utan å vere pålogga, vil du få opp ei feilmelding på skjermen. Du vil altså ikkje kunne sjå quizzen med mindre du er innlogga.
Lykke til!