Månadens quiz for juni vert tilgjengeleg på nettsida natt til mandag. Som i forrige quiz er det 15 spørsmål som skal besvarast, alle
med tre svaralternativ.
For å delta må ein først registrere seg på nettsida og deretter logge seg inn. Informasjon om korleis ein gjer dette finn de i ein nyleg skriven artikkel på framsida.
Kvar deltakar har kun EITT forsøk på quizzen, og tidsbegrensinga er sett til 5 minutt.
Ein får eitt poeng for kvart riktig svar. Etter at siste svar er avgitt, kjem det opp ei oversikt over kor mange rette svar ein har fått, samt kor lang tid ein har brukt på quizzen. Det vil og vere mogeleg å sjå kva spørsmål ein svarte riktig eller feil på. Fasit vert ikkje lagt ut før konkurransen er avslutta, dette for å unngå juks.
Vinnaren er den som har oppnådd flest poeng på kortast mogeleg tid.
Så lenge ein er innlogga, vil det til ei kvar tid ligge ei førebels resultatliste med antal poeng oppnådd nederst på framsida. Viss fleire deltakarar ligg på same poengsum på lista, vil dei ikkje kunne sjå kven som har brukt kortast tid av desse. Administrator må då inn og studere tidsbruken, for deretter å kåre ein vinnar.
Vinnaren stikk av med ein flott tursekk med EIL.logo
Husstandane til Magnor Midtun, Kjetil Rutledal og Igor Misic har ikkje lov å delta i quizzen.
Lykke til!!