"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Pin It

I strålande sol og optimalt haustvær gjekk årets "Vassverket Opp" av stabelen laurdag 28. september. Totalt 59 personar deltok, dei yngste i barnehagealder medan eldstemann nærmar seg 80 år!

Av desse 59  var det 19 barn og vaksne som sprang opp på tid. Jenteklassen(0 til 16 år) vart vunnen av Alette Leknes på tida 6 minutt og 41 sekund.

Guteklassen(0 til 16 år) vart vunnen av Grim Haveland på tida 5 minutt og 41 sekund.

Alette og Grim fekk kvar si fruktkorg frå Spar Eivindvik i premie(Sjå bilete over.).

Av dei vaksne var det Kiri Lovise Njøten som trekte det lengste strået og vann på tida 6 minutt og 3 sekund. Full resultatliste finn du her.

Biletgalleri: Klikk på bileta for forklarande tekst samt forstørring

 

Det vart og trekt ut vinnarar av ein del andre premiar på startnummera. Her var alle 59 deltakarar med i trekninga. Vinnarane vart som fylgjer;

1. Rosa ullbøff - Isak Svaberg

2. Svart ullbøff - Linn Aurora M. Oppedal

3. Vindjakke str 14 år - Hannah Aurora Rutledal

4. Gåvekort kr 500,- sport Norge - Emma Karoline Rutledal

5. Laks sponsa av Firda - Johannes Elde

6. Ribbåttur for to sponsa av Fjordguiding - Elise Sognefest


Idrettslaget ynskjer å takke alle deltakarar for innsatsen, og håpar å sjå dykk att på startstreken neste år!

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com