Siste oppdatering vart lagt inn på nettsida 13. januar. Sidan den gang har ein arbeidd med å jordkle skråningar,
ordne grøfter og legge ned røyr der ein ser det er behov. Det har og vorte lagd ned trekkerør og jordingskabel til eit evt framtidig lysanlegg i traseen.
Forrige veke vart vegen valsa, og ein køyrde til ein del mold. Samstundes har det vore dugnadsdagar der mannskapet har fjerna tre og greiner for å få ein finare finish.
I dag er nesten all grus lagd ut på vegen, det skal deretter avsluttast pent med mold inn mot grusdekket.
Vidare skal ein no få på plass brua bak huset til Magnor Midtun. Der bak er det og støypt ei betongbru, som ved behov for framtidig vedlikehald skal tole ei lita gravemaskin. Det må og ordnast til nokre grøfter for å leie vatnet i elvene, samt gjerast meir avsluttande presisjonsarbeid for å skape ein best mogeleg sluttresultat.
Kommande veke fortset ein med "pyntinga". Dette held fram til ein då er ferdig.
Status i dag Peter Skutvik i oransje regnklede og Håkon Kvamsdal førebur operasjon "Kvistfjerning" http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0413.jpg Greinene på veg opp http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0414.jpg Håkon Kvamsdal, Jorunn Håvåg og Klara Høydal har rydda fint til i skråninga bak Magnor Midtun sitt hus. http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0415.jpg Martin Husevåg står til knea i kvistverk oppi dumperen. Kåre Håvåg i bakgrunnen. http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0416.jpg 4. februar var første dag med utlegging av veggrus. 6. februar var ein ferdig med dette arbeidet. http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0418.jpg Skråningane vert fint jordkledde. http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0420.jpg Overgangen til steinbrua bak huset til Trygve Asbjørn Wergeland http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Status_i_dag/IMG_0421.jpg