Pin It

MEDLEMSKAP I EIVINDVIK IDRETTSLAG

Det har dei siste åra vorte juksa med medlemslister hos frivillige lag og organisasjonar for å tileigne seg høgare medlemsstønad enn ein har krav på. Eivindvik IL er pålagt å syte for at medlemslistene våre er korrekte, og vi må difor iverksette elektronisk medlemsregistrering frå og med i år. Dette inneber:

Det blir slutt på utlevering av giroar i postkassane rundt om i krinsen. 

All registrering/vidareføring/nyoppretting av medlemskap skjer via adressa https://medlemskap.nif.no

 

Faktura for betaling av medlemskap, som enkeltperson(kr 300) eller eit familiemedlemskap(kr 500), vert sendt ut til epost-adressene som ligg inne hos oss. Dette skjer via Buypass, ei sikker betalingsløysing som idrettsforbundet har avtale med. De får av den grunn ikkje opp vårt kontonummer når de betalar fakturaen. 

For at vi skal få tilgang til epost-adressene dykkar, MÅ de først registrere dykk som medlem i EIL via medlemskap.nif.no. Dette er raskt gjort, og utfyllinga er forholdsvis intuitiv. Her må de og legge inn fødselsnummer og telefonnummer.

For familiar som vil betale familiemedlemskap, er det viktig at ein vaksen/føresett først registrerar seg og at han/ho deretter legg inn dei andre i hushaldninga. Etter at den vaksne har registrert seg ferdig, går ein inn på nytt og registrerar dei andre kvar for seg. Hugs at familiemedlemskap gjeld for ektefeller/sambuarar og dei av borna som er under 18 år.

Vi i idrettslaget vil sende ut fakturaen til dykk på mail, og eit familiemedlemskap vil i utgangspunktet sendast ut til EIN av dei vaksne/føresette. For dei som ikkje nyttar e-post kan vi skrive ut fakturaen og levere den i postkassen.

Faktura sendast ut ein gang pr år. Om ein ikkje ynskjer å vere medlem let ein vere å betale fakturaen.

Denne løysinga for medlemskapsbetaling er veldig utbreidd blant idrettslag.

Donasjonar til idrettslaget utanom kontingenten skal fortsatt kunne betalast til vår bankkonto 3817.20.02266 eller via Vipps.

 

Alle som deltek på aktivitetar/treningar i regi av idrettslaget skal betale medlemspengar.. Ein må i tillegg vere medlem for å motta fjelltrim-medalje

 

Kven kan betale?

Alle som ynskjer, kan betale medlemspengar til idrettslaget. Medlemspengane er svært viktig for å halde laget gåande, så sjølv om ein ikkje nødvendigvis nytter seg av tilboda til idrettslaget, set vi pris på at du støttar oss slik at andre får glede av desse!

Kva vert pengane brukt til?

·     Drift og vedlikehald av idrettsbane og bruk av gymsalen

·      Ulike arrangement som t.d. fotballturnering for vaksne, Vassverket Opp og Eivindvik Challenge

                                   ·     Innkjøp av ymse utstyr til gymsal/idrettsbane, friidrett, medaljar, postkassar og ryddeutstyr til fjelltrimmen

·    Deltakaravgifter når medlemmer deltek på stevner og cup.

 

 Vi vonar derfor at alle er positive til å betale medlemspengar, og set pris på den innsatsen alle i idrettslaget gjer. Nokon er trenarar, andre passar på grasbana. Nokon ryddar stiar mens andre har ansvar for arrangement. Alt dette gjer at vi får det til å gå rundt!

 

www.eivindvikidrettslag.no

 

Korleis reservere deg mot bruk av bilete av deg eller barna dine på nettsida vår:

 

 Idrettslaget oppretta i 2017 ei ny nettside, www.eivindvikidrettslag.no. Nettsida er ei betal-side, og det kostar idrettslaget ca eitt tusen kroner i året å leige dette domenet.

 

Sida inneheld litt historikk rundt laget, kven som sit i styret og nemndene, aktuelle treningstider, prosjekta vi held på med, informasjon om aktuelle arrangement og dagsferske nyhende. Her finn ein og link til nettbutikken vår, oppskrift på korleis ein kjem i gang med Georeg og kontaktinformasjon.   

Idrettslaget har vore i kontakt med Idrettsforbundet for assistanse når det gjeld publisering av bilete/video av privatpersonar og barn på nett. Her er det eit strengt regelverk å forholde seg til. På sida https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/internett-og-apper/bilder-pa-nett/  står det ei oversikt over kva ein må ta omsyn til før publisering.

 

Idrettsforbundet meinte det var enklast for oss om vi tok dette opp i samband med utsending av medlemskontingent kvart år. I staden for eit samtykkeskjema, vil vi be om at alle som ikkje ynskjer disponering av seg sjølv eller familiemedlemmar på idrettslaget si heimeside om å gje beskjed til idrettslaget om dette. Bilete lagt ut på nett blir i all hovudsak situasjonsbilete frå ymse arrangement, der aktiviteten er hovudfokus. Ein vil ikkje vise bilete av barn i pinsame situasjonar, det vere seg lettkledde bilete eller situasjonar som kan opplevast som krenkande. Viss ein vil legge ut portrettbilete, vil idrettslaget alltid kontakte føresette for godkjenning.

 

Når du betalar kontingenten, godtek du samstundes at idrettslaget kan publisere bilete av deg og dine barn i situasjonar som skildra ovanfor. Viss du ikkje ynskjer slik publisering kan du kontakte leiar i idrettslaget ,Kjetil Rutledal, på mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf 99263363

  

 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com