Ein vil her kunne finne informasjon om kurs som idrettslaget anten arrangerer sjølve, eller kurs idrettslaget ynskjer å sende trenarar på andre stader.
Vestland idrettskrets arrangerer Barneidrettstrenar-kurs i Førde 25.-26. oktober. Er nokre av medlemmane våre interesserte i å delta? NB! Påmeldingsfrist 20.oktober! Les meir om kurset og meld deg på her:
https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/kurs/barneidrettstrenar/
Har du lyst å bidra til å skape eit allsidig treningstilbod for born og unge i skulekrinsen? Gulen idrettsråd inviterar nok ein gong til "Barneidrettstrenar-kurs" for alle medlemmar av idrettslag i Gulen. EIL sponsar deltakaravgifta for alle våre som melder seg på.Sjå info om kurset og påmeldingsfrist i artikkelen!
Les meir: Idrettsrådet inviterar til Barneidrettstrenarkurs på Dalsøyra 10- og 11. februar!
Seminaret er ope og aktuelt for alle, uavhengig av rolle i EIL. Føresette, ungdom over 14 år, tilsette i skule/barnehage/SFO, her vil de lære mykje som de kan ta med dykk vidare i livet. Vi treng fleire deltakarar, gjer noko med det og meld deg på til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Påmeldingsfrist kommande fredag!
Foredraget skal gje trenarar og idrettslag auka kunnskap om forebygging av seksuelle overgrep og trakassering mot born, komme med retningslinjer om kva ein gjer om ein mistenker noko slikt og gje idrettslaget verktøy til å skape eit sikkert og trygt miljø i klubben. Foredraget er ope for andre, sjå plakaten inne i artikkelen. Der finn de og påmeldingsinfo.
Gulen idrettsråd og Idrettskretsen skipar til Barneidrettstrenar-kurs på Dalsøyra helga 21.-22.oktober. Kurset er kun for medlemmar av idrettslag og går frå 10-17 begge dagar. Nedre aldersgrense for påmelding er 14 år. Les meir i artikkelen!
Les meir: Idrettslaget tilbyr GRATIS Barneidrettstrenar-kurs på Dalsøyra 21.- og 22.10!
Etter mange år utan eit friidrettstilbod til barn og unge i skulekrinsen, har idrettslaget bestemt seg for å gå aktivt ut for å endre på dette. Vi er på jakt etter
Les meir: Lyst på gratis hotellovernatting i Førde? Bli friidrettstrenar i Eivindvik IL då vel!
Kurs i løpeteknikk
Eivindvik Idrettslag har gleden av å invitere deg til kurs i løpeteknikk. Kurset vil bli i Bergen 13 og 20 august på kveldstid. Ca to timer hver gang. Kurset koster 1000 kroner, men idrettslaget sponser 500 kr for sine medlemmer.