Ein vil her kunne finne informasjon om kurs som idrettslaget anten arrangerer sjølve, eller kurs idrettslaget ynskjer å sende trenarar på andre stader.

Pin It

Etter mange år utan eit friidrettstilbod til barn og unge i skulekrinsen, har idrettslaget bestemt seg for å gå aktivt ut for å endre på dette. Vi er på jakt etter

to til tre vaksne som kan tenke seg å dele på ansvaret med å trene barn og/eller ungdom ein til to gonger i veka framover.

Laget innser at mange sikkert føler seg ukvalifiserte til eit slikt verv. Idrettskrinsen i Sogn og fjordane gjennomfører regelmessig eit veleigna 10- timarskurs for nybegynnarar, der ein som deltakar gjennomfører to timar e-læring, tre timar teori med kurslærar og fem timar praksis med kurslærar. Vi har vore i kontakt med krinsen for å høyre om dette kurset gjer deltakarane komfortable/trygge nok til å kunne trene barn i grunnleggande friidrettsøvingar, og har fått eit klokkeklart JA til svar.

Eit einstemmig styre vedtok i dag at idrettslaget dekkjer hotellovernatting for inntil tre vaksne som vil ta dette kurset neste gang det vert helde i Førde.

Dersom nokon finn dette interessant, kan ein gje beskjed til nestleiar Kjetil Rutledal på tlf 99263363.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com