Kvart år i juni månad arrangerer idrettslaget turnering i 7-arfotball for kvinner og menn. Turneringa startar med eit innleiande puljespel, før ein avsluttar med semifinalar og finalar i begge klassane.
Kampane vert spelt på to baner, og ein kamp varer 2 x 12 minutt. I semifinalar og finalar vil kampane gå direkte til straffespark-konkurranse ved uavgjort etter full tid.
Deltakarlaga stiller med dommarar til kampane. Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar.
Vinnarlaga får pokal og fruktkorg, samt lagbilete på nettsida til idrettslaget.
På kvelden arrangerer idrettslaget dans med levande musikk i ungdomshuset Vårtun"
Sommaren velsigna oss med perfekte rammer for årets cup. Mellom 150 og 250 born og vaksne tok turen til Eivindvik stadion for å nyte finværet, gladfotball og det sosiale samværet ei slik turnering legg opp til. Sjå bilete i artikkelen!
Les meir: Eivindvik Cup 2023 gjekk av stabelen laurdag - Finvær, is og engasjerte born og vaksne!
Lørdag 17.juni kl 11 startar årets Eivindvik Cup opp. Nytt av året er at deltakarlaga no er i aldersgruppa 1.-4. klasse, noko som er naturleg grunna svært låg deltaking på seinare års vaksencupar. Rett etter turneringsslutt, ca kl 14, kan vi i tillegg freiste med toppoppgjer i J17 2.div mellom Gulen FK og Kvernbit!
Les meir: Eivindvik Cup 2023 - kom til idrettsbana og sjå ekte idrettsglede!
Årets cup gjekk for seg i strålandes solskinn 9. juni.
5 herrelagog 3 damelag var påmeldt.
Sigeren gjekk til Youngboys i herreklassen, og i dameklassen var det The Untouchaballs som vann.
Laurdag 3.juni gjekk den årlege fotballturneringa Eivindvik Cup av stabelen på idrettsbana. Etter mykje nedbør dagane før og usikre prognosar