Lørdag 17.juni kl 11 startar årets Eivindvik Cup opp. Nytt av året er at deltakarlaga no er i aldersgruppa 1.-4. klasse, noko som er naturleg grunna svært låg deltaking på seinare års vaksencupar. Rett etter turneringsslutt, ca kl 14, kan vi i tillegg freiste med toppoppgjer i J17 2.div mellom Gulen FK og Kvernbit!
Det er påmeldt til saman 8 lag frå Gulen og Masfjord. Kampane har 20 minutts lengde og spelast utan pause.
Rett etter at siste kamprunde er avslutta, vil det verte premieutdeling der absolutt alle spelarar som deltek får utdelt medaljar. Vi har ikkje fokus på resultat og det er ikkje noko sluttspel, det viktige er at ungane får ei kjekk oppleving saman.
Kl 14 startar oppgjeret mellom Gulen FK og Kvernbit i J17-klassen, denne kampen avgjer kven som blir nr 2 og nr 3 i divisjonen. Her ligg det an til naglebitande spenning, vi oppmodar publikum om å bli verande for å få med seg kampen og skape ei fantastisk ramme rundt den. Dette er i tillegg siste kampen Gulen-jentene spelar saman, laget går i oppløysing etter sommaren når mange av jentene flyttar vekk for å byrje på vidaregåande.
Det vil vere open kiosk under heile arrangementet, her kan ein mellom anna få kjøpt is, pølser, brus og kaffi.
Håpar vi sjåast der!