Eivindvik IL la opp til ein stor fotballfest på Eivindvik stadion 31.august, men vi ser oss diverre no nøydde til å avlyse arrangementet grunna manglande antal påmeldingar. Vi prøver til att neste år, og beklagar til alle born som hadde gledd seg.
Etter å ha reist frå Eivindvik kl 8.30 laurdag, stilte vi med to lag til fotballcup for 3.-4.klassingar på Sandnes skule. Vegarbeid gjorde turen ekstra lang og inkluderte omkøyring via Sleire for å komme seg til ferjekaia i Duesund.
Denne laurdagen sendte idrettslaget to lag av gårde til Åsanehallen for å delta i Bama si årvisse Eat-Move-Sleep-turnering. Mange føresette slo følge, og dei og ungane hadde ein kjekk dag med idrettsglede i fokus.
Les meir: BAMA Eat-Move-Sleep- cup for fotballgjengen vår denne helga!
Heile 14 3.- og 4.klassingar representerte Eivindvik IL på Dalsøyra i dag. Vi stilte to gode lag som slo godt frå seg og hadde det veldig kjekt. Pølser,kaker og brus gjekk ned på høgkant mellom slaga. Ein fin gjeng som vi håpar held saman i mange år framover!