Pin It

Denne laurdagen sendte idrettslaget to lag av gårde til Åsanehallen for å delta i Bama si årvisse Eat-Move-Sleep-turnering. Mange føresette slo følge, og dei og ungane hadde ein kjekk dag med idrettsglede i fokus.

Laga vart som vanleg inndelt slik at dei skulle vere omtrent jamngode, og resultata var aldri i fokus. Uavhengig av dette var det tydeleg at dette var kjekt, og innsatsen var framifrå både på bana og sidelinja.

Eitt av laga spelte sine kampar relativt tidleg på dag, det andre på ettermiddag. Av den grunn var gruppa delt heile dagen, noko som var litt synd. Neste gong satsar vi på å få begge laga til å spele omtrent samtidig. 

Etter fullført kampprogram var det utdeling av medaljar og T-skjorter, før ein avslutta cupen med lagbilete. 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com