Gulen idrettsråd og Idrettskretsen skipar til Barneidrettstrenar-kurs på Dalsøyra helga 21.-22.oktober. Kurset er kun for medlemmar av idrettslag og går frå 10-17 begge dagar. Nedre aldersgrense for påmelding er 14 år. Les meir i artikkelen!
Om du ynskjer å bli trenar for born i alderen 5-12 år, er aktivitetsleiar i SFO, barnehage eller på skule er du i målgruppa for dette kurset.
Vi i idrettslaget ynskjer fleire bein å stå på, og betalar derfor påmeldingsavgifta på kr 600 pr deltakar for at flest mogeleg skal kunne delta.
Vi har eit uttalt mål om å kunne tilby eit variert treningstilbod til dei lokale borna i krinsen, og vonar derfor at medlemmar som fullfører kurset har interesse av å sette i gang med trenargjerning i vår regi i etterkant. Tenk kor kjekt det hadde vore om vi t.d. kunne tilby friidrettstrening for dei minste?
For å kunne delta på kurset må ein først ha bestått to korte e-kurs i regi av Idrettsforbundet. Dette krev innlogging/oppretting av brukar på "Min Idrett" der både e-kursa og påmeldingsskjemaet ligg.
Nokre av dykk oppretta denne kontoen i samband med registrering og digital innmelding i Eivindvik IL, de loggar berre inn med samme brukarnamn og passord som de la inn då. For andre som ikkje har oppretta konto, mellom anna fordi ektemake/sambuar/mor eller far meldte familien inn digitalt hos oss, må de opprette ein ny konto.
Her finn de link til påmelding og e-kurs. NB! Om de ikkje allereie er innlogga på "Min Idrett", må de først gjere det eller opprette ny brukar når de klikkar på linkane:
Påmelding: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/kalender/barneidrettstreneren_gulen/
Trenarattest born: http://trener.nif.no/
Barneidrettens verdigrunnlag: http://ekurs.nif.no/
Under ser de invitasjonen i plakatform. Her finn de litt om innhaldet og kva ein må ha med seg til kurset.