BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Tysdag 4.mai kom byggesettet til gapahuken frå leverandør Sønnesyn Sag i Hafslo. Tre dagars intensiv dugnadsinnsats seinare var størsteparten montert og ferdigbeisa utvendig. Hjørneborda vart ettermontert 8.mai.

Initiativtakarane for utbygging av turstiane, Maike Norman Bøe og Rune Håvåg, har og lagt ned eit stort arbeid i samband med dette prosjektet. Mellom anna krevst det mange timars arbeid å skaffe midlane ein treng, samt tid til å organisere og planlegge dugnadsinnsats og framdriftsplan.

Ei rekke sambygdingar deltok i dugnadsprosjektet. Desse var;

Montering av gapahuk: Håvard Indrebø, Rudi Haveland, Gunnar Borg Bøe, Rune Håvåg, Asbjørn Refsdal, Atle Håvåg og Kåre Håvåg.

Beising: Randi Wergeland, Inger Marie Hellesund og Rune Håvåg.

 

Video frå montering og beising finn de under:

 

Torvtaket skulle etter planen vorte levert 10.mai, men er av uvisse årsaker forseinka.

 

For å få prosjektet i havn økonomisk søkte vi etter midlar ei rekke stader. Under finn de ei liste over alle som har vore med å bidra:

- Eivindvik IL

- Gulen skyss

- Fjordguiding AS

- Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

- Gulen kommune

- Ytre Sogn kystlag

- Nordgulfjorden sanitetslag

- Sparebanken Vest(Sparebankstiftelsen)

- Spar Eivindvik

- Eivindvik Gulen sanitetslag

 

Eivindvik IL rettar ei stor takk til alle som har vore med og realisert bygginga av gapahuken på Naturleikeplassen. både dugnadsfolk og sponsorar.

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com