12. januar starta idrettslaget opp med innebandy - trening for damer.
Anne Refsdal er initiativtakar og ansvarleg for treningane.
Ho har ei tid sakna tilbod til vaksne damer som ikkje deltek på volleyball eller andre eksisterande treningstilbod i laget. Etter å ha forhøyrd seg litt på Facebook, fann ho ut at interessa var til stades.
Første trening vart ein stor suksess, noko heile 13 oppmøtte vitnar om. La oss håpe på like god oppslutning i fortsetjinga!