Tradisjonen tru arrangerar idrettslaget den årvisse Nissemarsjen i romjula i år og. Tidspunktet er tysdag 29. desember kl 18.
Oppmøtestad vert som i fjor ved buss-skuret i krysset nedanfor Bjelde-huset. Løypa går om Øvre Stølen og Prestesundet, før ein møtast att ved buss-skuret og vert servert pepperkaker, kakao og/eller saft.
Kommunelege 1 Anita Pettersen har godkjent arrangementet, men hugs at vanlege smittevernreglar gjeld. Hald god avstand, gå gjerne saman familievis, hald deg heime om du føler deg sjuk!
Idrettslaget er tomme for faklar, men satsar på å få tak i dette i god tid før marsjen.
Om de har spørsmål, ta kontakt med ansvarleg Anne Revheim Refsdal på tlf 46500439.